"Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans."

Joh. 1, 12     

Truvedkjenning

Eg trur på Gud Fader, den almektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy
pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd
fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde treje dagen, for opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal kome att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv.

Nikenske truvedkjenninga

Vi trur på éin Gud, den allmektige Far,
som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son,
fødd av Faderen før alle tider,
Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud,
fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. 
Ved han vart alt skapt.
For oss menneske og til vår frelse,
steig han ned frå himmelen,
og ved Den Heilage Ande og av Maria møy
vart han menneske av kjøt og blod.
Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus,
leid og vart gravlagd,
stod opp tredje dagen etter Skriftene
og for opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Faderen,
skal koma att i herlegdom
og døma levande og døde,
og hans rike skal vera utan ende.

Vi trur på Den Heilage Ande,
som er Herre og gjer levande,
som går ut frå Faderen og Sonen,
som vert tilbeden og æra
saman med Faderen og Sonen,
og som har tala gjennom profetane.
Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje.
Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene
og ser fram til oppstoda av dei døde
og eit liv i den komande verda.

Lovsong

Syng for Herren, pris hans namn!
Forkynn frå dag til dag hans frelse.

 Måne og sol, vindar og hav
og blomar og born skapte vår Gud
Himmel og jord, allting er hans,
Herren vår Gud vil vi takka.

Kor:
Herre, vi takkar deg,

Herre, vi prisar deg.
Herre vi lovsyng ditt heilage namn!

Jesus, Guds Son, død på ein kross;
for alle, fos oss; lever i dag,
Ja, han r her, ja, han er her.
Herren vår Gud vil vi takka.

Anden, vår trøyst, levande varm
og heilag og sterk, talar om Gud,
leier oss fram, dag etter dag
Herren vår Gud vil vi takka.